Det finnast så mange aldrar. Alt er vel eigentleg alder.
Sjølv blei eg litt brydd i går.
Var på veg heim frå jobben min hos Norstat,
då ein av dei tidlegare lærararne ved Kyrkjekrinsen Skole
kom inn på bussen etter å ha sett stykket La vie en Rose? Filmen som omhandlar
Edith Piaff som går på kino no fortida.
Vi kom i snakk om korleis det var no.
Eigentleg heilt greitt det.
Men så kom ho til eit spørsmål om min alder.
Vel sa eg. Eg vil helst ikkje snakka om det.
Eg byrjar å bli så gamal at ein helst ikkje vil vita om det lenger.
Rart då ein var små då ville ein gjerne bli eldre.
Når vi kjem i 20-åra og nærmar oss stygt talet 30 vil vi helst ikkje
vite om kor gamle vi eigentleg er.
Synast eigentleg dette er ganske rart.
Kvifor vil vi eigentleg berre bli eldre når vi er små?
Er det fordi vi berre tenkjer på at når vi blir større så kan vi gå rundt som
fedrane og mødrene våre gjer?
Vil vi eigentleg gå rundt med jobbar og ha over oss rekningar og krediotorar og det som verre er.
Kva er eigentelg stas med å få lov til å gå på polet?
Kva er eigtenleg stas med å gå rundt fulle og sjanglande på festar når vi blir eldre?
Kva er eigentleg stas med det vaksne liv?
På ein annan side når vi er blitt eldre og ikkje vil tenkja på kor gamle vi er
Er det fordi vi får alle desse rekningane som er uhandterlege og dukkar jamvel opp dagleg?
Er det fordi vi ikkje synast helgefylla er noko særleg lenger?
Er det fordi vi synast det er pyton å gå på polet?
Er det fordi vi synast det ikkje er noko stas med det vaksne liv?
Er det fordi det ikkje er så gøy å gå rundt å væra som fedrane og mødrene våre er?
Er det fordi vi eigentleg lengtar tilbake til å leike i sanden og finne kattelort?
Er det fordi vi eigentleg vil væra dei søte små barna til foreldra våre?Er det fordi vi helst vil at foreldra eigentleg skulle ha bestemt når vi skulle leggje oss?
Er det fordi vi synast det er betre at foreldra hadde den økonomiske styringa for oss?
Er det einaste vi ikkje synast å lengte tilbake til er det at vi ikkje får bruke stemmeretten vår?
Eg trur det har ein viss samanheng med alt.
Vi vil absolutt ikkje bli for gamle.
torsdag 19. april 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar