søndag 15. april 2007

Helga mi :)

Helga mi.

Dette har til no vore ei arbeidshelg. Må arbeida med bacheloroppgåva om pressehistoria om Åsane. Det einaste som heilt klart har vore opplagt har vore at Åsabuarane har vore oppteken av veg heile tida. Tidlegare var det å kjempe for å få betre veg slik at ein slapp å måtte køyre gamlevegen frå sentrum til Åsane og tilbake att. Vegen om Helleneset og Erviksområdet har alltid vore kronglete og smalt. No så er jo Åsane hovudfartsåra nordover og sørover i landet. Det Åsabuen no kjempe for er jo Nordhordalandsbrua og Arnatunnellen som bør væra på plass. Det er viktig å understreke her at Senterpartiet er hovudsakeleg i mot Arnatunellen. Kvifor skjøner ikkje eg. Burde ha visst det i og med at det er senterpartiet som er partiet mitt.

Elles har det gått ganske så flott så langt i helga på fotballbana. Sheffield United slo West Ham i går og er på tryggplass i Premier League, men bør vinna nokre kampar til slik at dei sikre plassen sin i PL. Manchester United klar for FA-Cup finalen. Christian Ronaldo skrive nykontrakt og bør bli som Ryan Giggs sjølv har Ryan Giggs sjølv sagt. I dag håper eg på at Åsane banker MS sjølv om det blir ein ganske så tøff kamp borte i Oslo. Løv-Ham skal til Raufoss og banke Raufoss. Sogndal skal ned til Jæren for å møte Bryne. Håper det blir siger nede på Jæren. I morgon skal Brann sende Godset heim til Drammen med eit gigantisk tap. Skal sjølv på Stadion i morgon.

Dagens dikt får dermed bli Brann Stadion.

BRANN STADION

Brann Stadion
Der Brannspelarane spelar
Publikum dei jublar, men
ei med tap

Ingen kommentarer: