VÅREN
Våren er på sett og vis ei fin tid.
Dei dagane då sola skin for oss,
Burde vi alle vera glade.
Men sjølv om våren tyder ny tid,
Så kan våren væra ei trist tid.
Ting tar slutt om våren.
Sjå berre på TV-programma
Fox Grønland og andre gode seriar har tatt seg
Ein pause frå norske fjernsyn.
Då ein heller finn ut at det ikkje er noko spesielt på fjernsynet og heller går ut i hagen og vil heller væra der,
For å nyte den herlege vårkvelden.
Våren er tid for forelskingar.
Spesielt om det er for første gongen.
Gå ved stranda å sjå utover det evige blå havet.
Sjå utover mot horisonten ein vakker vårkveld.
Med den friske vinden blafrande i ansiktet.
Dei har spenninga og gleda med seg.
Av at det er dei to som har funne lukka seg i mellom.
Berre tenkje på den ein har kjær og ingen andre ting.
Berre kjenne gleda av å halde sin kjære i handa.
Som eit teikn på evig venskapsband.
Være sikker på at det er den personen ein håper ein skal dele resten av livet med.
Dersom ein er eit av desse menneska som ikkje har nokon å væra glad i,
Er våren ei trist tid.
Når ein berre husker den aller fyrste gongen,
Ein var interessert i eit menneske som ein gjekk i klasse med.
Då ein var lukkeleg for at den ein var mest kjær i, var forelska i deg.
Tenkje på kor vakkert og fint det var å halde sin utkåra i handa,
Og berre væra i lag du og den du var mest glad i av dei i klassen din.
Være sikker i sin sak at det var sikkert den du skulle leva med i resten av ditt liv.
Berre tenkje på i den triste ettertid at slik blei det dessverre aldri.
Fordi nettopp den personen studerer på ein annan kant av landet og har ein annan som den har kjær.
Våren er nok ei fin tid for dei fleste av oss.
Ein god del av oss vil sjå tilbake på den tida som var.
Meg glede,
Men med vedmod at den tida aldri kjem tilbake.
Tenkje på alle dei gode minna ein hadde frå ei forsvunnen tid.
Det er også ei tid for å sjå framover,
Mot den tida som skal komme.
Om det finnast noko framtid då ?
laurdag 14. april 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar