REISEBREV FRÅ REGIONSAMLINGA I FLORA
FREDAG 20/04-2007
Var ute i siste liten i dag. Likevel fem minuttar før båten gjekk var eg på plass. Mine tankar gjekk tilbake til Vårsleppet 2005. Vår dåverande fylkesleiar Ingrid Janne hadde gjeve oss beskjed om at toget gjekk 10.00 så vi måtte væra framme til klokka var 10.00. Toget gjekk 10.30. Å væra ute i siste liten er ikkje hyggjeleg altfor mykje oppstyr. At ein var litt i seinaste laget i rute tid under Vårsleppet var eigentleg berre heilt kjempe fint. Lene Hadde gjeve oss ei melding som ho hadde sendt ut at båten gjekk 16.30. Lene du skulle ha gjort det på same måten som din forgjengar hadde gjort under Vårsleppet i 2005. Lene var blitt utnemnd som ny fylkesleiar etter at Ingrid Janne hadde bestemt seg for å reise heilt til Canada i oktober 2006. Det var dessutan fyrste gong for min del at nokon av organisasjonane mine hadde vore med i skulle inn til min andre heimby for noko som helst. Når det gjaldt musikkorpset så hadde ikkje dei reist inn der. Fyrste og kanskje einaste sjansen eg hadde til å oppleve at ein av organisasjonane mine skulle til Sogn og Fjordane var denne gongen. Difor så hadde det vore med glede eg hadde takka ja til å delta på regionalsamlinga når Lene snakka om regionalsamlinga når eg måtte melde forfall til Vårsleppet pga. bacheloroppgåva.
Vi kom oss om bord på båten og sat ganske så langt framme heile gjengen under heile overfarten. Det var store bølgjer så vi blei frykteleg sjøsjuke alle mann på veg oppover. Det var iallfall heilt umogeleg å gå i salongen under overfarten. Eg skulle prøve dette undervegs etter som eg då hadde rekna med at bølgjene hadde gitt litt opp. Eg fall og trilla rundt og rundt inne på båten.
Då vi kom fram litt før klokka 20.00 var vi heilt utslitne etter heile båtreisa. Ikkje visste vi kvar vi skulle og for den del så meinte eg sjølv at det var utroleg dårleg informasjon om heile regionalsamlinga. Hadde eg berre fått vite kva hotell vi skulle liggje på så kunne eg alltid ha sjekka det opp. Det viste seg at vi skulle væra på Victoria Hotell i Flora. Det eldste hotellet i heile kystbyen. Etter litt leiting og det heile kom vi endeleg til hotellet. Vi fekk sjekka inn, men ikkje sett bagasjen frå oss på hotellromma. Vi måtte berre springe rett inn for å delta på
”COUNTRY, UNGDOM OG EIN GLØDANDE OPTIMIST”
Vi skulle fyrst få sjå ein film om Flora. Her blei det vist at kommunen har eit rikt kulturliv. Ein kunne blant anna sjå byens store fotballag Florø Sportsklubb fleire gongar i aksjon. Florø SK speler i Firdaligaen noko som vil sei 3. divisjon. Firdaligaen fordi 3. divisjons avdelinga i Sogn og Fjordane selde namnet sitt til fylkesavisa Firda før sesongstart. Ein fekk sjå det rike næringslivet i bykommunen ein fekk og sjå litt av kvart som rørte seg i Flora kommune av kva den hadde å tilby av natur.
Randi Rønnekleiv Melvær som er bystyre medlem og vara til fylkestinget fortalde om kystbyen Flora. Kommunane Bru, Kinn, Eikefjord og Florø blei slått saman til bykommunen Flora i 1964. Byen har kongelegresolusjon på at det er ein by. Flora var inntil nydeleg den største kommunen i Sogn og Fjordane, Førde har nydeleg gått forbi.
Det er eit aktivt næringsliv i byen. Kleven fekk ikkje ordrar og måtte sei opp folk. Det gjekk ut over resten av næringslivet i byen. No er det byrja å gå oppover med industrien i from av internasjonalindustri som fiskeri og olje. 30 % av olja ligg rett utan for kommunen. Mykje oppdrett av fisk. Data og reiseliv er og viktige for kommunen.
Flora er eit knutepunkt på kysten og har ein av dei mest trafikkerte flyplassane. Flora er og ein stor distrikskommune. Når det gjeld Bystyre så er det samansett av KRF, SP og AP. Dei viktigaste kampsakene fram mot valet kjem til å væra samferdsle og eldreomsorg.
Etter dette skulle Fylkesordførar Nils R. i gong med å fortelje om seg sjølv og om Fylkeskommunen Sogn og Fjordane.
Nils R. presenterte Sogn og Fjordane som eit Senterpartiland.
Senterpartiet er størst i fylkestinget. Dei fekk ei oppslutning på 28 % ved siste fylkeskommune val. Dei har dermed 12 representantar inne på fylkestinget.
Sogn og Fjordane er eit mangfaldig men er eit lite fylke. Sogn og Fjordane er prega av fråflytting. Sogn og Fjordane har storslått natur. Har breane Jostedalsbreen og Ålefotbreen. Fylkeslaget innan fotballen er Sogndal som speler i år i Adecco ligaen = 1. divisjon. Innan Volleyballen er Førde flaggskipet. Sogn og Fjordane har fostra opp mange gode fotballspelarar.
For Sogn og Fjordane er problema korleis ein skal skape eit fellesskap, korleis ein skal møte utfordringane i framtida. Dei må tenkje framtid. Korleis dei skal marknadsføre Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane skal engasjere for å få til i fellesskap. Det er stor innsatsvilje i Sogn og Fjordane. Eit eksempel på dette er countryfestivalen i Breim.
Det er stor innsatsvilje og at ein har trua på seg sjølv.
Ein har i den siste tida hatt møte med Elkem for å få til fabrikk i Svelgen slik at ein kan produsere råstoff til solenergi. Dette medføre at dei får kompetansearbeidsplassar.
Fylkeskommunen er part med resten av fylket. Fylkeskommunen arbeider nært saman med kommunane.
Senterpartiet sine viktigaste mål for å vinne valkampen.
Ungdom skal møte ungdom.
Må ha tru på bodskapen sjølv
Ha eit godt humør
Ikkje ta seg sjølv høgtideleg
Offensiv tru på mange veljarar
Fleire valsigrar.
Etter dette fekk ein plassert bagasjen på hotellromma.
Ein fekk då servert middag ca 21.00 ein fekk servert ein forrett, vidare til middagen som bestod av noko lam. For så å innta ein herleg dessert.
Ein gjekk seinare ut på den næraste puben og sat der omtrent til klokka var 02.00 om natta.
LAURDAG 21/04-07
Det skulle vise seg å bli ein svært solrik dag denne dagen J
Fyrste post på programmet var klokka 08.00
”NY DAG, NYE MOGELEGHEITER” – Frukost for eksmepel…
Ein fekk innta ein herleg frukost. Frukosten bestod av brød, pålegg som kjøtpålegg, sylte, kaviar, frukostblandingar. Kaffe, te, kakao, mjølk, eplejuice, appelsinjuice.
”EI FRAMTID, EIN UNGDOM OG EIT URBANT LIV PÅ BYGDA”
Neste post på programmet var ”Ei framtid, ein ungdom og eit urbant liv på bygda” det var vår alles kjære store fjernsynsdronning Inga Berit som skulle ha denne innleiinga.
UNGDOM I DISTRIKTA.
Ein må skape tilknyting til plassen
Avle optimisme
Byggjast og satsast
Kreativitet
Målretta
UTFORDRINGAR OG GLEDER
Ta omsyn til kroppen
Økonomi
Kjensla av meistring
Sosialt
Bli teken på alvor
Bygdedyret
GODE GRUNNAR
Hovudteiknet på læring er glede
Ikkje alle er like teoretisk sterke
Skulen i dag
GEVINSTAR UTAN OM DET FAGLEGE
Innføring i lokalsamfunna
Positivt møte med primærnæringa
Historia er viktig for forståing og tilhøyring
FRAMTIDA
Ambisjon, treff punkt
Ungdom/WTO/EU/rovdyr
Behalde trua til negative haldingar skadar mest Norsk landbruk og distrikta.
Etter dette super fantastiske innlegget til Inga Berit så var det over til gruppearbeid.
Vi skulle diskutere om vi sjølve ville flytta heim til heimplassen vår når vi var ferdig utdanna, kva problem vi såg føre oss som kunne forhindra det. Kva som skulle til for at andre ungdommar skulle kome til å reisa heim att.
Alle var einige om at dei ville flytte heim att.
Elles kom det forslag om
Informasjon om arbeidsplassar i heimkommunen
Kommunalt byråkrati
Fritidstilbod
Kommunikasjon samferdsle
Forutsetnadane
Mogelegheit for å bu
Holland-prosjekt
Opplegg som ligg til rette for å trivast
Leggje til rette for næringsutvikling
Sterkare krav om buplikt.
Skule
Helse
Så skulle vår kjære tv-dronning reise heim til Nord Trøndelag. No var det eigentleg meininga at Geir Pollestad skulle ha eit innlegg om ”Høgrehanda til Åslaug Haga, ein mektig person”! V/politisk rådgjevar i KRD Geir Pollestad.
Han hadde funne ut at han ikkje kunne kome utan å liggje fram noko årsak til at han ikkje kunne kome.
12.30 var det lunsj. Vi hadde fått førespurnaden om vi ville ha kjøt eller fisk. Dei fleste ville ha fisk. Det var suppe til forrett. Der etter fekk vi laks som hovudrett og dessert.
14.00 ”LOKALSJUKEHUSA, EI GLOHEIT POTET. KORLEIS SkAL VI FORSVARE DETTE I VALKAMPEN 2007”
Det var Jorunn som er styremedlem i Helse Førde og tidlegare Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane som skulle ha dette innlegget.
Ho peika fyrst på punkta
Helse
Kunnskap
Skule
Sjukehus
Erfaring
Modell for vidaregåande
Fylkestinget
Hovudutval for opplæring
Mellom Fylkestinget og Hovudutval for opplæring går ein tovegskommunikkasjon angåande løyving av pengar.
Regjering
Nord
Midt
Vest
Sør
Aust
Helse Førde
Helse Bergen
Regjering
Helse Vest
Helse Førde
Storting
Aksjons gruppe
Ordførarar
Regjeringa har føretaksmøte med stortinget.
Regjeringa bestemmer korleis Helse Førde skal arbeida.
Alt byggjer på aksjelova
Jobbar for det beste.
Helse vest bestemmer kven som skal sitje kvar.
Eks. Helse førde får ikkje lov til å ta kontakt med storting og regjering.
Stortinget driv med detaljstyring og rammestyring
Helsefonda skal bruke namn på det største sjukehuset.
Lokalsjukehusa viktig del av norsk helse.
Skal sjå alt i samanheng
Folketal/busetjing.
Medisinskutvikling
Aldersamansettjinga endrar seg.
Samansett sjukdomsbilete
Smal utdanningskompetanse.
Tidlegare:
Brei utdaningskompetanse
Spesialiserte.
Ein vil ha eit familieliv ved sida av.
Ikkje ha 24 timars vaktar.
Minimum 4-5 skift per døgn.
Legestafett jobbar på store sjukehus, går til mindre sjukehus.
Høgare løn, fri reise, fritt opphald.
Forsvare lokalsjukehusa
Villig til å strukturere kva rammer lokalsjukehusa har.
Omsyn til pasientane.
Utvikling innan medisinen.
Vil ha breidde og spisskompetanse
Samla behovskjede.
Fordeling av pasientar.
Anskaffing av kunnskap
Unngå faktafeil.
Helse Førde målsetjing beste mål for å gjere det beste for folket i Sogn og Fjordane.
Ikkje lov meir i opposisjon enn ein kan halde i posisjon.
Bygd opp tilbod til dei små sjukehusa
Endre på andre ting.
Styrke ambulanse tenesta
Senterungdommen, dei viktige! Korleis skal vi lukkast i lag?”
Når klokka var 15.00 skulle Fylkesleiaren i Sogn & Fjordane ha ei innleiing.
KVIFOR SENTERUNGDOMMEN ER VIKTIGE
Berre i lag kan ein lukkast.
Ungdom engasjerer seg 120 % i saker som er mest viktige
i saker i generell utvikling
brøyter nye veger.
Drøymer om utdanning.
Framtidig familieliv
I saker i generell utvikling
Politiske saker
Korleis få realisert draumane?
Ungdom engasjert i saker for dei.
Senterungdommen veit kva ungdom er oppteken av.
Senterpartiet er eit parti som slepp ungdommen til.
Meiner ting på alvor.
Minst 1. ungdom på sikker plass til kommunevala
1 ungdom plassert høgt oppe på lista.
Bloggar.
Ungdom skriv og les bloggar.
Meir aktiv dialog inn mot yrkesfaglegretta ungdom.
Flinkare til å tenkje utradisjonelt mot ungdom.
”KORLEIS VERE VINNAR AV EIN SKULEDEBATT, OG KORLEIS VINNE MERKSEMDA I SKULEDEBATTEN?”
Erling skulle kurse oss i korleis vi skulle gjere det i skuledebattane til hausten. Gamalt nytt for dei som hadde vore igjennom kurset hans på Vårsleppet 2005. Akkurat presis same oppskrifta blei presentert.
Når innleiinga var avslutta og spørsmål frå oss i salen var stilt var det tid for å skifte og ta på seg klede til festmiddagen. Som opplading til festmiddagen var det og forspill.
Til middagen vart det servert reker og skaldyr. Sjefsgeneralen i Senterungdommen sa i fjor under ein middag på studieturen til Sveits at når det gjaldt skaldyr kom det aldri på tale å servere dette til middag iallfall ikkje før ho sjølv blei statsminister. Der kom sjokket som overraska Hilde du husker vel kva du snakka om under studieturen til Sveits? Til dessert fekk vi servert blodig biff og fekk noko blåberaktige greier og noko stivna vanilje til dessert.
Etter dette var det nashspiel på hotellromma.
Omtrent ved midnatt gjekk ein ut på byen. Vi gjekk til sportspuben i Flora sentrum. Dei hadde snakka om det tidlegare at når det gjaldt meg så kom eg til å møta på slektingar. I det vi hadde kome inn på puben var det ein som greip tak i armen min. Dette var eit av syskenbarna mine som var der i lag med ein kamerat av seg.
Vi var på sportspuben til omtrent klokka 02.30 om natta. Etter dette gjekk ein inn på romma og fortsette med nashpiel.
”GOD MORGON”
Klokka 09.00 var det tid for frukost. Vi var dødstrøytte der vi gjekk og samla oss ned til frukosten. Litt herleg frukost med vanleg norsk frukost ser ut til å væra noko av det beste som finnast for norske gode senterungdomspolitikarar.
DET RAUDGRØNE SAMARBEIDET OG DEI KAMELANE SOM SP, AP OG SV HAR SVELGT”
Her var det den kjende valforskaren Frank som skulle ha innleiinga.
STORE SAMFUNNSENDRINGAR
Vi er dei første nordmenn sidan steinalderen som bruker meir tid til konsumentar enn som produsentar. Vi er dei fyrste nordmenn sidan pengane kom som er avhengig av personinntekt og ikkje av familieinntektene.
DET STORE SPELET
DET NORSKE MAKTSPELET
STEIN ROKKANS JERNTRIANGEL FRÅ 1963
Høg pris
Høg pris
Bønder
Arbeidarar
Lav pris
Høg lønn
LO
Kapital
Låg lønn
Lav pris
NHO
Maktpris
Råvarepris
Hovudavtalen
Lønsforhandlingar
SP
AP
Høgre
Regjeringsspørsmål
Forhandlingsøkonomi
To sosiale revulosjonar sidan krigen
Likkestilling
Forbrukarsamfunn.
KONSUMSAMFUNNET JERTRI I 2006
DEIRA GRUNNPARTI.
Reguleringssamfunn =
”Forbod” staten
Etter at Frank hadde hatt innleiinga si og deltakrane hadde fått stilt spørsmål var det tid for avreise for Laila og Frank som skulle med flyet.
For oss andre var det tid for lunsj. Denne gongen var det koldtbord og dessert som venta oss. Etter lunsjen fann Paul, Arnstein, Jorunn og Anita at tida var inne for å reise frå arrangementet for denne gong. Vi andre skulle på båtcruise med Marius. Erling hjelpte til med å få folk ned til hamna før han reiste frå oss. Etter å ha fara rundt til Batalden og ein del andre stadar langs kystøyane var det tid for å reisa heim.
Vi kom heim ca. 20.15. Då hadde det vore kjempestille og dårleg vær heile dagen.
Alle dei 29 deltakrane med rekna gjestane og sekretariatet var einige om at det hadde vore ei kjempe spennande, lærerik og morosam helg for oss alle. Vi var alle saman daudslitne og kjempetrøytte alle saman etter helga noko som er det beste beviset på at det har vore ei spennande og innhaldsrik helg der vi kom ut av det med styrke, pågangsmot og innsatsvilje fram mot valet. Og at arrangementet bør gjentas.
måndag 23. april 2007
torsdag 19. april 2007
Alder
Det finnast så mange aldrar. Alt er vel eigentleg alder.
Sjølv blei eg litt brydd i går.
Var på veg heim frå jobben min hos Norstat,
då ein av dei tidlegare lærararne ved Kyrkjekrinsen Skole
kom inn på bussen etter å ha sett stykket La vie en Rose? Filmen som omhandlar
Edith Piaff som går på kino no fortida.
Vi kom i snakk om korleis det var no.
Eigentleg heilt greitt det.
Men så kom ho til eit spørsmål om min alder.
Vel sa eg. Eg vil helst ikkje snakka om det.
Eg byrjar å bli så gamal at ein helst ikkje vil vita om det lenger.
Rart då ein var små då ville ein gjerne bli eldre.
Når vi kjem i 20-åra og nærmar oss stygt talet 30 vil vi helst ikkje
vite om kor gamle vi eigentleg er.
Synast eigentleg dette er ganske rart.
Kvifor vil vi eigentleg berre bli eldre når vi er små?
Er det fordi vi berre tenkjer på at når vi blir større så kan vi gå rundt som
fedrane og mødrene våre gjer?
Vil vi eigentleg gå rundt med jobbar og ha over oss rekningar og krediotorar og det som verre er.
Kva er eigentelg stas med å få lov til å gå på polet?
Kva er eigtenleg stas med å gå rundt fulle og sjanglande på festar når vi blir eldre?
Kva er eigentleg stas med det vaksne liv?
På ein annan side når vi er blitt eldre og ikkje vil tenkja på kor gamle vi er
Er det fordi vi får alle desse rekningane som er uhandterlege og dukkar jamvel opp dagleg?
Er det fordi vi ikkje synast helgefylla er noko særleg lenger?
Er det fordi vi synast det er pyton å gå på polet?
Er det fordi vi synast det ikkje er noko stas med det vaksne liv?
Er det fordi det ikkje er så gøy å gå rundt å væra som fedrane og mødrene våre er?
Er det fordi vi eigentleg lengtar tilbake til å leike i sanden og finne kattelort?
Er det fordi vi eigentleg vil væra dei søte små barna til foreldra våre?Er det fordi vi helst vil at foreldra eigentleg skulle ha bestemt når vi skulle leggje oss?
Er det fordi vi synast det er betre at foreldra hadde den økonomiske styringa for oss?
Er det einaste vi ikkje synast å lengte tilbake til er det at vi ikkje får bruke stemmeretten vår?
Eg trur det har ein viss samanheng med alt.
Vi vil absolutt ikkje bli for gamle.

søndag 15. april 2007
Helga mi :)
Helga mi.
Dette har til no vore ei arbeidshelg. Må arbeida med bacheloroppgåva om pressehistoria om Åsane. Det einaste som heilt klart har vore opplagt har vore at Åsabuarane har vore oppteken av veg heile tida. Tidlegare var det å kjempe for å få betre veg slik at ein slapp å måtte køyre gamlevegen frå sentrum til Åsane og tilbake att. Vegen om Helleneset og Erviksområdet har alltid vore kronglete og smalt. No så er jo Åsane hovudfartsåra nordover og sørover i landet. Det Åsabuen no kjempe for er jo Nordhordalandsbrua og Arnatunnellen som bør væra på plass. Det er viktig å understreke her at Senterpartiet er hovudsakeleg i mot Arnatunellen. Kvifor skjøner ikkje eg. Burde ha visst det i og med at det er senterpartiet som er partiet mitt.
Elles har det gått ganske så flott så langt i helga på fotballbana. Sheffield United slo West Ham i går og er på tryggplass i Premier League, men bør vinna nokre kampar til slik at dei sikre plassen sin i PL. Manchester United klar for FA-Cup finalen. Christian Ronaldo skrive nykontrakt og bør bli som Ryan Giggs sjølv har Ryan Giggs sjølv sagt. I dag håper eg på at Åsane banker MS sjølv om det blir ein ganske så tøff kamp borte i Oslo. Løv-Ham skal til Raufoss og banke Raufoss. Sogndal skal ned til Jæren for å møte Bryne. Håper det blir siger nede på Jæren. I morgon skal Brann sende Godset heim til Drammen med eit gigantisk tap. Skal sjølv på Stadion i morgon.
Dagens dikt får dermed bli Brann Stadion.
BRANN STADION
Brann Stadion
Der Brannspelarane spelar
Publikum dei jublar, men
ei med tap

laurdag 14. april 2007
VÅREN
VÅREN
Våren er på sett og vis ei fin tid.
Dei dagane då sola skin for oss,
Burde vi alle vera glade.
Men sjølv om våren tyder ny tid,
Så kan våren væra ei trist tid.
Ting tar slutt om våren.
Sjå berre på TV-programma
Fox Grønland og andre gode seriar har tatt seg
Ein pause frå norske fjernsyn.
Då ein heller finn ut at det ikkje er noko spesielt på fjernsynet og heller går ut i hagen og vil heller væra der,
For å nyte den herlege vårkvelden.
Våren er tid for forelskingar.
Spesielt om det er for første gongen.
Gå ved stranda å sjå utover det evige blå havet.
Sjå utover mot horisonten ein vakker vårkveld.
Med den friske vinden blafrande i ansiktet.
Dei har spenninga og gleda med seg.
Av at det er dei to som har funne lukka seg i mellom.
Berre tenkje på den ein har kjær og ingen andre ting.
Berre kjenne gleda av å halde sin kjære i handa.
Som eit teikn på evig venskapsband.
Være sikker på at det er den personen ein håper ein skal dele resten av livet med.
Dersom ein er eit av desse menneska som ikkje har nokon å væra glad i,
Er våren ei trist tid.
Når ein berre husker den aller fyrste gongen,
Ein var interessert i eit menneske som ein gjekk i klasse med.
Då ein var lukkeleg for at den ein var mest kjær i, var forelska i deg.
Tenkje på kor vakkert og fint det var å halde sin utkåra i handa,
Og berre væra i lag du og den du var mest glad i av dei i klassen din.
Være sikker i sin sak at det var sikkert den du skulle leva med i resten av ditt liv.
Berre tenkje på i den triste ettertid at slik blei det dessverre aldri.
Fordi nettopp den personen studerer på ein annan kant av landet og har ein annan som den har kjær.
Våren er nok ei fin tid for dei fleste av oss.
Ein god del av oss vil sjå tilbake på den tida som var.
Meg glede,
Men med vedmod at den tida aldri kjem tilbake.
Tenkje på alle dei gode minna ein hadde frå ei forsvunnen tid.
Det er også ei tid for å sjå framover,
Mot den tida som skal komme.
Om det finnast noko framtid då ?

fredag 13. april 2007
Fyrste dikt ut: Hyllesten til Margunn Haugenes
I dag er det tid til å presentere mitt fyrste dikt på denne sida. Eg vil gjerne byrje med diktet som starta mi lyriske bane. Som for alltid kjem til å bli rekna som det fyrste diktet mitt. Diktet er ein hyllest til Margunn Haugenes. For dei som ikkje kjenner henne kan eg sei at ho var med på Ol-landslaget for kvinner som tok OL-gull i 2000. Eg er for øvrig syskjene barn med mora til Margunn.
MARGUNN
Margunn, du er suveren.
Du er den beste vi har.
Fødd ein kald januar dag i 1970.
Var ei super jente på ski.
Du har spelt for mange klubbar,
Moderklubben Eikefjord
Der du trådde i dine barnesko.
Så gjekk turen vidare til Kaupanger.
Så til Asker der du kom til klubben i 1990.
Der du blei både serie og cup meister.
Debuterte på landslaget i mars 1990
Der du tok både VM og EM gull.
I 1994-95 gjekk turen til Bergen og Sandviken.
I 1996 du gjekk til Bjørnar.
Rykka opp til toppserien med Arna laget.
Blei ein av dei største spelarane på laget.
I 1999 du Camilla fekk.
I 2000 oppnådde ditt mål på landslaget.
Du scora eit nydeleg mål for Noreg mot Kina.
Den 28 september du Olympiske leikar gull vann.
Fører du Bjørnar til siger i cupen så er du suveren.
Dykk tapte cupfinalen men du er jo suveren likevel.
Margunn, mykje jubel du har gitt det norske folk.
Der du har spelt suverent godt og gleda det norske folk.
Lukke til i England og Fulham.
torsdag 12. april 2007
ENDELEG MIN BLOGG OGSÅ
Hei alle saman.
Då har eg og oppretta min eigen blogg. Ser ut som ein god del har blogg no fortida. Har dessutan lese mange bloggar i det siste. Det som denne bloggen kjem til å innehalde er kvardagen min, reisebrev når eg har kome heim frå reiser, dagens dikt. Håper alle finn noko av interesse på denne sida mi.

Abonner på:
Innlegg (Atom)